ANDROMEDA

NOK 21,000.00

Denne serien med eksklusive bollar er gallerigjenstandar der forma er funksjonen.

Alm er eit varmekjært treslag som ofte veks i solrike sørsider med godt jordsmonn. I norrøn mytologi vart den første kvinna, Embla, skapt av alm. I tidlegare tider brukte ein tørka almebork til brødbaking i dyrtid og hungersnaud, i nyare tid har almelauv blitt brukt til dyrefor ved at ein navar treet - ein kapper greinene og let det vekst ut nye frå same punkt. Det utviklar seg ofte knuter der greinene vart kappa, slike knuter har ofte uvanleg vakre teikningar i treet. Denne bollen er laga av eit slikt nava tre frå Nordfjord der heile stammen var ein stor knute og hadde ein diameter på nesten ein meter. Å sjå inn i treet er nesten som å sjå inn i ei galakse.

Bollen er dreia rå, dette gjer at treet får bevege seg medan det tørkar, og bollen har fått ei svakt oval form. Bollen er også pussa rå, knutane i treet gjer at bollen har fått ei organisk, bølgete og svært taktil overflate.

Treslag: Alm

Dimensjon: Diameter 40 cm / Høgd 25 cm