
Den perfekte linja
Vi søkjer ut og opp, for å puste og for å leve. Ut, for å finne det fokuset som kvardagen så raskt tek frå oss. Blikket treng avstand for å finne ro, og kroppen treng hjelp til å kome seg bort frå skjermen, frå veggen, gjennom døra og ut i naturen.
I møte med menneske er vi i en tilstand der vi stadig skifter mellom avstand og nærleik. Mellom å lytte og å snakke. Heile tida i rørsle, saman med andre. Denne dansen overfører vi til andre område i livet, som en måte å balansere det heile på. For Ståle Johan Aklestad har dette skapt eit virke der naturen er i fokus, og mennesket dansar i den.
Roa i det monotone når beina flytter seg oppover bakkane, når blikket kan vandre i takt med tankane og pusten flyt jamnt. Og motsatsen, i det alt fokus ligg i å svinge, å treffe, å lage den perfekte linja i snøen. Den som kanskje ikkje finst, men som ligg der og ventar på neste tur.
Tre og Tind veks fram
Ståle Johan Aklestad
Ståle Johan Aklestad vaks opp omgjeven av fjord og bratte fjell på eit lite småbruk på Sæbø. Naturen var sentral både gjennom rytmen som prega livet på garden, og gjennom dei mange turane i fjella rundt fjorden. Tre og Tind er resultatet av to disiplinar som, trass sine ulikskapar, har den same kjærleiken til natur i botnen.
Tre symboliserer det som først byrja som en hobby og som no er blitt til fleire seriar med funksjonelle objekt i tre, dreia for hand i verkstaden midt i Hjørundfjorden. Sakte tilvirka for varig bruk.
Tind symboliserer dei mange turane, til fots eller med ski på beina, åleine med kamera eller i lag med andre som deler den samme gleda over urørte, snødekte fjellsider eller sommarnetter høgt over fjorden.
Felles for dei to disiplinane er jakta på den perfekte linja.
Omtale
Sjå portrettfilmen “Linjer” laga av Stærk Kommunikation her.
Memorial Maria Luisa 33 MML (2023)
Higly commended i kategorien “Alpinism.
Fotoet er teke natt til veslejulaftan på Sunnmøre.
Nordic Nature Photo Contest 2023
Premiert i kategorien “Årets nordiske turbilde”.
Nordic Nature Photo Contest 2023
Premiert i kategorien “Årets nordiske turbilde”.
Fotoet har tittelen “Land of Mordor” og er teke på veg til Juratind i Romsdalen.
Nordic Nature Photo Contest 2022
Premiert i kategorien “Årets nordiske landskapsbilde”.
Fotoet viser Juratind i Romsdalen og har tittelen “Tower of Barad-Dur”
Nordic Nature Photo Contest 2022
Premiert i kategorien “Årets nordiske turbilde”.
Fotoet er frå Gamvikblåisen ytst på Lyngenhalvøya i Troms.
Nordic Nature Photo Contest 2021
Premiert i kategorien “Årets nordiske turbilde”.
Teltleir i fullmånelys på Sunnmøre.
Nordic Nature Photo Contest 2021
Premiert i kategorien “Årets nordiske turbilde”.
Gjennomlyst skodde ein sein sommarkveld på Sunnmøre.
Nordic Nature Photo Contest 2021
Premiert i kategorien “Årets nordiske turbilde”.
Trollvasstind i Stordal på nattestid.
Nordic Nature Photo Contest 2020
Førsteplass i Nordic Nature Photo Contest 2020 i kategori “Årets nordiske turbilde”
Tittel: “Høgmesse”
“Underlys”
Nordic Nature Photo Contest 2018 (NNPC)
2. plass i Nordic Nature Photo Contest 2018, kategori "Årets Nordiske Turbilde"
Tittel: Underlys.
Juryens omtale: Ståle Johan Aklestad (Norge) formidler en langt mer dramatisk turopplevelse. Han har vært på ski, og en i følget hans er i ferd med å bestige en topp med en mektig isbre eller snøfonn. Det ser unektelig litt skummelt ut, vi håper skiløperen ikke gikk for langt ut på kanten. Det er nesten så vi kjenner kulda og gråværet.
DNT´s Fotokonkurranse 2019
3. plass i DNT si fotokonkurranse sommaren 2019. Biletet er frå juli 2019, like under toppen av Leirvasshornet.
Portrett. Foto: Hanna Skotheim
Vil formidle det vi ikkje har ord for
Intervju i Romsdals Budstikke
“Linjer”
LINJER - salsutstilling
Salsutstilling på handverksbakeriet Fole Godt i Molde sommaren 2016 og hjå Volda og Ørsta kunstlag hausten 2016
FF 90 2012. Foto: Mattias Fredriksson
Fortryllende skibilder
"Det er mange andre som tar fantastiske bilder i Norge, men igjen skorter det på produktivitet og bredde. Noen av de beste skibildene vi har hatt på trykk i bladet kommer fra Ståle Johan Aklestad, som stort sett bare leverer 3-4 bilder i året. Det lille han har i arkivet er til gjengjeld fortryllende."
Christian Nerdrum, redaktør Fri Flyt, til foto.no, om fotonummeret av Fri Flyt 2012
Ung tredreiar frå Sæbø
Norge-Rundt innslag frå 2004